Då var eg tilbake etter nok ein uplanlagt bloggpause. Det er rart med det i desse studiestarttider, då strekk plutseleg verken tid eller energi til lenger. Men nok om det.
La oss fortsetta der eg slutta sist. La oss snakka om skule.
Når me i Senterpartiet snakkar om skule, så snakkar meg verken om leikeskulen til SV, eller puggeskulen til Høyre. Heildagsskulen er heller ikkje noko å hoppa i taket for. I Senterpartiet er me meir oppteke av ein læreskule. Det er læringskvaliteten som skal vera i sentrum, ikkje noko anna. Me vil ha den brukbare kunnskapen inn i skulen. Kunnskapen som gjer at du skal kunna bidra med noko, enten det er i næringslivet eller i samfunnet. I Senterpartiet vil me utdanna menneske. (Og dei skal sjølvsagt vera smarte, med fagkunnskapen på plass).
Senterpartiet oppteke av å ha ein god offentleg skule. Og det skal vera ein skule for alle, enten du ligg føre eller etter i pensum. Du skal få utfordringar som er tilpassa deg, og ikkje sidemannen. Elevane skal få optimale utfordringar, noko meir motiverande finns ikkje. Ikkje ein gong symjeknappar.
Læraren er sjølvsagt ein nøkkelperson i den norske skulen, difor er læraren òg ein nøkkelperson i Senterpartiet sin skulepolitikk. Blant anna ynskjer me at ein må ha minst 4 i norsk, matte og engelsk. Ærleg talt, det skal no berre mangla! Personleg er eg overtydd om at det vil vera med på å heva statusen til læraryrket, og det trengs sårt! Læraryrket er kanskje eit av dei viktigaste yrka som er, difor kan me ikkje sleppa til kven som helst. Difor er intervju som ein del av opptaket alfa og omega. Me må heller ikkje gløyma pedagogikken si rolle. Pedagogikkfaget må styrkast innanfor lærarutdanninga. Og det må skje no, dersom ein lærar ikkje får læra korleis han kan læra frå seg, då er vel utdanninga bortkasta, er ho ikkje?
Eg trur eg skal stoppa der. Viss ikkje blir eg aldri ferdig, for Senterpartiet sin skulepolitikk får ikkje plass i eit blogginnlegg. Så omfattande og god er han. Du kan jo sjå sjølv?
Berre hugs, i Senterpartiet er me oppteke av å utdanna menneske. Og skulen er faktisk ein stad for læring, ikkje pugging.
onsdag 12. august 2009
søndag 26. juli 2009
Høyre vil ha demotiverte elevar!
Eg trudde nesten ikkje mine eigne øyrer då eg skrudde på radioen i dag, og høyrte at Høyre ynskjer å premiera sterke elevar. Det skulle ikkje vera mogleg.
Og nei, dette er ikkje fyrst og fremst eit innlegg om kor utruleg kjipt og urettferdig, for ikkje å snakka om demotiverande det er for elevar med lærevanskar. For det seier seg eigentleg sjølv. Men det gjer det sjølvsagt ikkje mindre viktig. Heller ikkje mindre provoserande, snarare tvert om.
Dette er eit innlegg om dei uheldige virkningane premiering av åtferd (altså gode prestasjonar) kan ha på motivasjonen. Du trur det kanskje ikkje, men alt tyder på at premiering svekker den indre motivasjonen for ein aktivitet. Og med indre motivasjon meiner eg den motivasjonen ein har når ein er med på ein aktivitet fordi aktiviteten i seg sjølv er meiningsfull. Altså ein er med på noko fordi ein likar det. Det kan til dømes vera fordi det er utfordrane, og slik er med på å stimulera dei psykologiske behova våre. Det er den indre motivasjonen som er med på å skapa eit gunstig læresituasjon, det er den som er viktig for læreglede og lærekvalitet. Det er den Høyre vil til livs.
Gjennom premiering av sterke elevar vil Høyre oppnå å undergrava den indre motivasjonen, med å signalisera at det er premien og ikke aktiviteten (altså læring) som er det viktigaste. Både kvaliteten og læringsprosessane vil verta dårlegare, som eit resultat av at fokuset fyrst og fremst vil vera på premien, og ikkje på det dei prøver å læra. Vidare vil det etterkvart kvela elevane sine evner til å læra utan å få belønning.
Dette blir for lettvint Høyre, eg vil ha kvalitet i skulen!
Ynskjer du å lesa meir om belønning si påverknad på åtferd? Då kan eg tilrå følgande litteratur:
Understanding motivation and emotion, av Johnmarshall Reeve
Skolen som læringsarena av Sidsel og Einar Skaalvik
Ellers er det berre å spørja, så skal eg svara etter evne!

tirsdag 21. juli 2009
Skal 1 år gje deg monopol på vald?
Nokre gonger dukkar det opp ting i nyhetsbiletet som gjer det vanskeleg å avgjera om ein skal le eller grina. Det kan vera agurker (været, som er for varmt, for kaldt, for vått eller for tørt), saker som får overdreven merksemd (Michael Jackson, som tydlegvis er død, og griseflunså), eller politikk som er så hårreisande at det eigentleg ikkje finns ord. I dag skal me snakka om det sistnemde. Og det handlar sjølvsagt om FrP, kven ellers?
Det har seg slik, at i Noreg så har me for lite politifolk. Og det er eit problem (det seier seg eigentleg sjølv). I Senterpartiet er me oppteke av å sikra rekruttering til politiet, det trengs jo. Men det er ikkje nok å berre få folk til å ha lyst til å bli politi, me må òg ha ein studieplass å tilby dei. Det ynskjer me å få til gjennom å oppretta ein ny politihøgskule, og gjennom fjernundervisning. Vidare ynskjer me å frigjera politiutdanna personell, med å ta i bruk svile i større grad.
FrP ser diverre problem, der me andre ser løysningar. For det nyttar jo ikkje at me får fleire politistudentar, når dei ikkje er ferdigutdanna før i 2012, og ja, det er eit problem. Korleis landets nest største parti ynskjer å løysa det problemet er derimot ingenting anna enn skremmandre. Justispolitisk talsmann for partiet, Jan Arild Ellingsen, seier i ei uttaling på partiet sine heimesider at dei ynskjer å gjera politiutdanninga til eit årsstudium. Dette er ikkje noko anna enn hårreisande politikk.
I Noreg ligg me i dag på verdstoppen når det gjeld politiutdanning, men det er jo triveleg at FrP ynskjer å endra på det. Det me andre prøver å bygga opp, riv FrP ned, og det er greit å vita.
Eg er utruleg stolt av at me har så god politiutdanning som me har, i dette landet. Det er livsviktig, bokstavleg talt, at den instansen i Noreg med monopol på vald er både rett og godt utdanna. Viss ikkje kan det fort bli farleg i gatene, både for du og meg. Og det er vel trygge gater som er målet med meir politi?
Kjære FrP, av og til må kvalitet gå framføre kvantitet.

onsdag 15. juli 2009
Du kan godt få hjarta mitt
I dag har eg lyst til å snakka om noko som ligg i lommeboka mi. Det er eit lite kort i papir. Og med det kortet kan eg redda liv.
Det handlar om organdonering. Når eg døyr har eg ikkje tenkt å bruka kroppen min meir, ikkje skal eg pusta meir, ikkje skal eg gå meir, ikkje skal eg leva meir. I alle fall ikkje i same kropp. Så kva skal eg eigentleg med eit heilt friskt hjarte? Dersom lungene min framleis kan pusta, kva har dei då å gjera seks fot under føtene dine? Spørsmålet er kvifor sei nei, når eit ja kan redda liv.
Sjølvsagt er det ikkje så enkelt for alle. Det er eit spørsmål som ofte blir stilt i vanskelege situasjonar. Kva ynskja eigentleg far din? Difor er det viktig at du gjer som meg, fyller ut eit donorkort og putter det i lommeboka di. Då veit ein. I Senterungdommen meiner me dessutan at regjeringa bør tenkja seriøst på ei ordning der ein må ta stilling til om ein vil verta donor eller ikkje når ein får førarkort og pass. Då har ein det på papiret, og det vil verta enklare for alle.
I 2007 laga regjeringa ein tiltaksplan for å auka talet på donasjonar. Målet sat ein til 50% aukning. I 2008 var trenda positiv, fyrste halvår i 2009 er diverre litt svartare. Det er færre gjennomførte transplantasjonane, og ventelista veks seg større enn ho har godt av. Det kan me ikkje leva med, bokstavleg talt.
I regjeringa sin handlingsplan er det mange gode tiltakt å henta. Ein må berre flytta det frå papiret og inn i den verkelege verda me lev i. I Senterungdommen er me utolmodige. Me vil at regjeringa skal få “fingen ut” og setja eit tidspunkt for 50% målet, og så fyra laus med tiltaka som så sårt trengs.
Årsmeldinga til Stifelsen Organdonasjon føreslår blant anna meir informasjon om donorsaka, styrkning av donorsjukehusa, nasjonal koordiantor og betre kapasitet med Rikshosiptalet som tiltak som kan hjelpa regjeringa mot målet. Kjære Bjarne Håkon Hanssen, her har du noko å ta tak i. Kva venter du på?
Eg, Senterungdommen og dei på den vonde lista forventer at dette ikkje blir gløymt statsbudsjettet for neste år. Det er trass alt spørsmål om liv og død.
Og berre ei lita bønn til deg på slutten. Dra på apoteket å hent deg eit donorkort. Våg å sei det same som meg, og mange med meg.
Du kan godt få hjarta mitt. Du kan godt få leva.

tirsdag 14. juli 2009
Storebror ser deg, ikkje tru noko anna
No er eg i den fantastiske situasjonen at eg ikkje har ein storebror, så det er kanskje litt vanskeleg for han å sjå meg. Men kva skal eg vel med ein storebror når eg har EU? Fine snille EU er som vanleg i slaget, og kjem på/med mykje lurt. (Og sidan ironi generelt gjer seg dårleg i bokstavform, tenkjer eg at eg vil påpeika at ironi nett var flittig nytta. Men eg har faktisk ingen storebror).
La oss snakka litt om datalagringsdirektivet. Kva er det, då, spør du kanskje. Kort fortalt er det nok ei genial oppfinning i frå vår gode ven EU (og eg heller stadig meir over på den usaklege sida. Klokka er 01-blank, tilgi meg). Direktivet skal gjera det enklare å avdekka alvorleg kriminalitet. Resultatet blir at blant anna kredittkort- og teleselskapa må ta vare på sensitiv informasjon om deg som kunde. I lenger tid enn du skulle ynskja. Inntil 2 år, for å vera litt meir presis med tala.
Det skremmer vatnet av meg, enkelt og greit. Eg likar ikkje tanken på eit overvakingssamfunn. Eg vil faktisk ikkje at storebroren min (som eg ikkje har) til ei kvar tid skal sjå meg. Og eg har ikkje lyst til å straffast for at nokre har problem med å halda seg til lova.
Personvern er i grunn ein fin ting, ansett som ein menneskerett i EMK artikkel 8 er det visst òg. Eg kan ikkje svelga eit direktiv som trugar personvernet, ikkje ein gong om ein strør nokre lass med sukker på det.
I Senterungdommen forventer me at det i Noreg blir lagt ned veto om datalagringsdirektivet. Me vil ikkje ha det, dei får ta det dei som vil.

Merka med:
EU,
Senterungdommen
tirsdag 30. juni 2009
Av med handbrekket, Jonas!
Det var ein gong for lenge sidan, at det kom ein mann køyrande i frå sør, opp til Ola og Kari Nordmann. Det var ein litt av ein kakse, brei om vomma og kledd i stasleg dress. Med seg i stresskofferten sin hadde han flotte papir, og lovnadar om betre tider.
Han helsa dei hjarteleg, og småpreika litt før han la fram ein avtale for dei. Dersom dei ga han rett til alt dei hadde, skulle dei få tilgang til det han hadde, mot ein liten pengesum, sjølvsagt. Dei tenke no litt på det, Kari og Ola, men kom til slutt fram til at nei, dei ville no helst ha rett til sine eigne ting. Kaksen vart noko sur, han hadde jo frykteleg lyst på all rikdommen til Kari og Ola, men han skjulte det godt. I staden la han ein plan. ”Sjølv om de ikkje vil gje meg rett til alt de eig og har, så kan me jo koma til ei forståing, trur de ikkje det? Eg har ein anna avtale her, eg plar kalla han for EØS-avtala, og no skal de sjå…”. Så la han ut i det vida og det breia om kor fin og flott denne EØS-avtala var, og til slutt sa Kari og Ola ja, og signerte papiret. Sidan den gong har EØS-avtala kontrollert kvardagen deira meir og meir. Ikkje klarte dei å kvitta seg med han heller, for papiret var signert, og vegen tilbake var smalare enn ein igjengrodd skogsti.
Heldigvis har ein ikkje sagt ”snipp-snapp-snute” i ”EØS-eventyret” enda, så toget har ikkje gått. Senterpartiet har lyst til å be EØS-avtala dra tilbake dit han kom i frå, me vil i alle fall ikkje ha han. Dette synet deler me med regjeringspartiet SV, men diverre er ikkje AP heilt med på ideen, det gjer det vanskeleg for oss. Men, ein samla utanrikskomité har sagt ja til ei utgreiing om konsekvensane av EØS-avtala. Jonas Gahr Støre ynskjer ikkje at denne utgreiinga skal sei noko om alternativa til EØS. Dette meiner me i Senterpartiet er feil, når to av regjeringspartia vil at EØS-avtala kan dra dit peparen gror.
Eg likar av prinsipp ikkje at nokon andre skal få bestemma kva som er best for meg. Ein veit best kvar skoen trykkar, den som har han på spør du meg. Difor er EØS heilt feil for meg, altså ærleg talt. Kva har me fått ut av han? Me har fått lovar og ting me eigentleg ikkje vil ha trødd godt nedover øyrene, det syns i alle fall eg fint lite om. For meg så er EØS ein feit og grådig slange som berre et seg innover eit større og større område. Slik som det er i dag omfattar EØS-avtala mange fleire område enn det som var lova i 1992.
Eg meiner at nok får søren meg vera nok. Ei anna avtale er mogleg, om regjeringspartia (les: AP) tør å vurdera alternativa! På tide å ta av handbrekket, Jonas!

Arbeiderpartiet,
EU,
EØS,
Senterpartiet
fredag 19. juni 2009
Nei til moms, ja til eit levande land!
På tysdag kom det nok eit prov på at det er fint å ha Senterpartiet i regjering. Regjeringa offentleggjorde at no blir det omsider momsfritak for dei frivillige organisasjonane. Det er noko me kan ropa både hipp og hurra for, spør du meg.
La oss skru tida litt tilbake, og sjå på kva som var saka. Dealen, for å nytta eit godt norsk ord, er at frivillige lag og organisasjonar årleg har måtta betala kring ein milliard norske kroner i moms på driftmidler og utstyr.
I Senterpartiet har me lenge meint at dette har skurra. I Noreg ligg me på verdstoppen når det gjeld frivillig arbeid. Faktisk tilsvarer jobben som blir gjort kring 110 000 årsverk, og det er noko me skal vera stolte av, ikkje kvela med massevis med avgifter til staten! (Staten får henta pengene sine andre stader).
Sånne tider som dette er det godt å vera senterpartist. Det er godt å vite at me gjekk inn i denne regjeringsperioden med kultur og frivilligheit som eit av våre satsningsområde, og sjå, me har levert!
Me er truleg det partiet i regjeringa som har jobba hardast for å få til momsfritak, og takket vera det så kan det lokale kulturlivet rundt om blomstra enda meir, og frivillige organisasjonar vil få meir penger i kassa.
Ja til eit levande land. Hurra for eit sterkt Senterparti i regjering (òg i 4 nye år)!

Frivillighet,
Kultur,
Lokalliv,
Senterpartiet
Abonner på:
Innlegg (Atom)